Carl S Bjurstedt har delt denne artikkelen med deg.

Carl S Bjurstedt har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Han er tiltalt for grovt bedrageri og skapte furore då det vart kjent at han lånte pengar av folk han intervjua. No er Espen Teigen på plass som journalist i Document.

Kan gjere som han vil

FERSK: Espen Teigen har fått seg ny jobb. Her er han på baren Eilefs Landhandleri i Oslo sentrum.

– Du skriv i eit innlegg på X at du byrjar som journalist i Document fordi Noreg står på kanten av stupet. Gjer vi verkeleg det?

– Vi produserer stadig mindre her i landet, og produktiviteten vår går ned. Samstundes tek vi inn enorme mengder med innvandrarar som vi skal betale for. Det er eit enormt underskotsprosjekt for oss. I tillegg har privat sektor vorte heilt korrumpert, slik at det no handlar mest om å få eit sugerøyr ned i statskassa. Viss vi skal halde fram med å gjere oss sjølv fattige, så vil vi få eit land som ikkje liknar på det landet eg vaks opp i.

– Er dette sant? Vi har no både produktivitetsvekst og økonomisk vekst i Noreg. Faktisk gjer vi det betre enn nesten alle andre land?

– Per definisjon blir vi fattigare. Vi har mista veldig mykje kjøpekraft etter at Jonas Gahr Støre tok over som statsminister. Det trur eg at alle som går i butikken eller betalar straumrekning, merkar.

– Det har stort sett alle vestlege land dei siste par åra, men vi gjer det vel betre enn dei fleste?

– Sjølv om BNP veks, og vi har eit enormt oljefond, så vil Noreg bli fattigare. Det merkar vanlege folk, og det har ikkje berre med inflasjon å gjere. Det er kronisk mangel på sjukepleiarar, og det er alle moglege problem i offentleg sektor. Vi sløser vekk hundrevis av milliardar med kroner, og det gjer oss fattige.

– Du har tidlegare vore journalist i Nettavisen. Kva er ditt førsteinntrykk av Document etter å ha jobba der ei veke?

– No som eg har kome inn i Document, så føler eg at eg kan skrive og seie det eg meiner. Eg treng ikkje å vere redd, og det er ingen som kjem til meg og seier at eg ikkje kan skrive om det eine eller det andre. Det kjennest eigentleg som at eg har hatt på meg ei tvangstrøye som eg no har teke av.

– Var dei så strenge med kva du ikkje fekk skrive i Nettavisen, altså?

– Det er litt vanskeleg å skildre, for det handlar ikkje om at nokon kjem og seier at «dette må ut», eller at dei direkte sensurerer meg. Det er meir at det ikkje var eit ønske om at eg til dømes skulle skrive om innvandring. Eg fekk nok av å heile tida trakke rundt på eggeskal.

– Går det ikkje ganske bra med integreringa i Noreg samanlikna med i Sverige eller Frankrike, då?

– Viss du samanliknar med Sverige, vil jo alt sjå bra ut. Der har dei bombar og handgranatar, og ein mann som akkurat vart skoten i hovudet på open gate framfor den tolv år gamle sonen sin. Vi har akkurat dei same tendensane i Noreg. Med ein gong Israel er eit tema, så vert det kasta steinar på politiet, og politiet er i ferd med å miste valdsmonopolet i Noreg.

– No overdriv du vel?

– Nei, det meiner eg. Dersom du ikkje klarer å halde kontroll på heile byen til kvar tid, så har du ikkje eit valdsmonopol. Når det er fullt av innvandrarar som står og kastar stein på politiet vårt, så må vi klare å seie nei til det.

– Eg tenkjer at det mest interessante er å sjå på kriminalitetsstatistikken, og der ligg vel nivået ganske stabilt.

– Det er rein løgn.

– Det er litt på veg opp, men eg trudde nivået på ran- og valdshandlingar framleis var ganske likt slik det har vore.

– Det er ei tydeleg auke i ungdoms­kriminalitet i Oslo, og det er ei tydeleg auke i talet på dei som gjer ei rekkje lovbrot. No blir ungar Vipps-rana på Majorstuen. Så lenge vi pumpar ut seksti prosent av statsbudsjettet på trygder, så klarer du å halde unna ganske mange sosiale problem ei stund, men det kjem til å kome dei same tendensane som i Sverige her også. Når vi tek inn haugevis med innvandrarar samstundes som vi har slutta å ­skape verdiar, så må folk få vite om det.

– Har vi slutta å skape verdiar? Eg trudde vi skapte heilt enormt mykje verdiar, meir enn nesten alle andre land.

– Nei, dette er i offentleg sektor og i skattefinansiert næringsliv. Alle gründerar flyttar til utlandet, og det vi sit att med, er eit næringsliv som prøver å kare til seg pengar frå staten.

– Det er fleire milliardærar i Noreg enn det var før Jonas Gahr Støre vart statsminister, og av dei med ein likningsformue på hundre millionar kroner eller meir er det vel tre prosent eller noko som har flytta til utlandet. Syner ikkje alle statistikkar at det er lett å bli rik i Noreg og at næringslivet går godt?

– Det er ikkje mitt inntrykk i det heile teke. Dette handlar ikkje berre om kor mange rike det er i Noreg. Dette handlar om gründerar. Noreg er eit skjemavelde og eit enormt byråkrati. Det er også vanvettig høge skattar. Kvifor skal gründerar starte bedrifter her?

– Det veit eg ikkje, men dei gjer altså det.

– Prøv å prate med folk i næringslivet, så vil dei seie at det er vanskeleg å drive næring i Noreg. Det er det som betyr noko, ikkje kva de sit og tenkjer nede på kontoret dykkar på Grønland. Klassekampen er jo ei kommunistisk avis, de vil jo helst at det ikkje skal eksistere privat næringsliv. Det vi har i Noreg er statsfinansierte gründerar og tilkarringsindustri. Då blir det ikkje noko reell verdiskaping i Noreg.

– Det er vel få stader det er så mykje reell verdiskaping som i Noreg. Du er forresten tiltalt for grovt bedrageri. Retten meiner at du har loge om å ha hatt ei leilegheit i Trondheim, slik at du skulle få deg ein gratis pendlarbustad i Oslo. Du meiner at du er uskuldig?

– Ja, eg er uskuldig.

– Er det ikkje ganske lett å dokumentere det dersom du har hatt ei slik leilegheit? Er ikkje det berre å gå inn i nettbanken og finne fram overføringane?

Eg kjem ikkje til å gå inn på den saka. Huseigaren eg leigde av, døydde, og det var ein av mine næraste ­kameratar. Det er rett og slett litt vanskeleg å gå inn på utan å involvere andre enn berre meg sjølv. Eg kjem til å bevise at eg er uskuldig i retten i desember.

– Så du er ikkje bekymra for at du kan hamne i fengsel?

– Sjølvsagt er eg bekymra for det. Noko anna ville ha vore veldig rart. Eg er ganske sikker på at retten vil sjå at eg ikkje har hatt noko ­intensjon om å gjere noko gale.

– Kva synest du om Donald Trump, forresten?

– Eg støttar han, men eg har jo ikkje røysterett i det ­amerikanske ­valet. Eg synest at han er for­friskande. Han har bestemt seg for å ­drite i ­dette med queer-teori, rase og ­kjønnsmessige saker. Han støttar det som var ­ganske vanleg fram til ­nyleg, nemleg at folk er glad i landet sitt.

Dette får du

  • Nye perspektiver

    Journalistene våre gir deg analyser og vinklinger du ikke finner andre steder.

  • Klassekampen.no

    På klassekampen.no får du servert de beste sakene fra avisa. Du kan også lese dagens og tidligere utgaver, søke i arkivet og dele artikler med venner og kjente.

  • Nett eller papir?

    Du kan ha papiravisa hver dag, bare i helga eller ikke i det hele tatt. Digital tilgang har du uansett!