Linn-elise Mehlen har delt denne artikkelen med deg.

Linn-elise har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Fagorganisering

Freser mot eigen oppdrags­gjevar

Wolt har sendt ut ei spørreundersøking til boda sine, der dei blant anna må velgje mellom «frihet eller faste skift». – Kynisk og uærleg, seier Wolt-bod Espen Utne Landgraff.

GÅR TIL SAK: Espen Utne Landgraff er eitt av dei fire sykkelboda som går til sak mot Wolt. GÅR TIL SAK: Espen Utne Landgraff er eitt av dei fire sykkelboda som går til sak mot Wolt.

Denne veka varsla Fellesforbundet at dei går til sak mot bodfirmaet Wolt, fordi dei meiner boda skal reknast som fast tilsette, ikkje oppdragstakarar.

Fire dagar etter at forbundet varsla Wolt om søksmålet, sende Wolt ut ei spørjeundersøking til boda sine.

I innleiinga står det: «Fremtiden for arbeid blir definert av beslutningstakere akkurat nå, og vi vil sikre at du får din stemme.»

Eitt av spørsmåla lyd: «Bør plattformer som Wolt fortsette å sikre frihet og fleksibilitet (…), eller er ansettelse, faste skift og instruksjoner bedre?»

Kommunikasjonssjef i Wolt Christian Kamhaug presiserer at det er heilt tilfeldig at spørjeundersøkinga vart lansert nesten samstundes som søksmålet.

Provosert bod

Spørjeundersøkinga provoserer Wolt-bod Espen Utne Landgraff.

– Den er designa for å få det resultatet Wolt ønskjer. Det er kynisk og uærleg.

Landgraff er eitt av dei fire boda som står bak søksmålet mot Wolt. Han og kollegaene meiner at Wolt har kontroll over dei på ein måte som gjer at dei i realiteten er arbeidstakarar, ikkje oppdragstakarar.

Landgraff fryktar at resultata fra undersøkinga vil bli brukt av Wolt for å argumentera for at fleirtalet av boda vil vera oppdragstakarar.

– Å vera oppdragstakar blir framstilt som ultimat fridom, medan å være arbeidstakar blir framstilt som totalitært tyranni, seier Landgraff, som stussar på at undersøkinga vart sendt ut like etter søksmålet vart varsla.

Landgraff meiner at framstillinga ikkje er egna til å finna ut kva boda faktisk meiner.

– Mange bod er nokså ferske i Noreg og kan ikkje språket særleg godt. Å kjenna til forskjellen på arbeidstakar og oppdragstakar krev kunnskap om norske ordningar som mange ikkje har. Wolt tar ikkje høgde for dette, men skriv misvisande spørsmål og dreg nytte av manglande kunnskap.

– Tilfeldig tidspunkt

Kommunikasjonssjef Christian Kamhaug i Wolt fortel at spørjeundersøkinga er sendt ut til bod i nesten 30 land. Resultata vil ikkje vera ferdig analyserte før over sommaren.

– Når det er sagt, har me kontinuerlege undersøkingar der me prøvar forstå boda vore sin situasjon så godt som mogleg, seier han.

Kamhaug blir konfrontert med innleiinga til undersøkinga.

– Spør du Landgraff, er det klart han vil seia at den er leiande. Men frå vår side er det slik saka står. Alternativet med fast tilsetjing vil vera faste skift, turnusar og mindre fridom, seier han.

Landgraff saknar spørsmål om at ein ikkje får sjukepengar og andre gode som faste tilsette får.

– Det er eit resultat av at undersøkinga er internasjonal. Den er så generell for å passa inn overalt, seier Kamhaug.

Han går med på at dei kanskje bør gjera ei særeigen norsk undersøking om temaet.

Mykje brukt i USA

Klassekampen har fått skjermbilete av dei nesten 40 spørsmåla i undersøkinga. Klassekampen spurde fyrst Wolt om å få tilsendt undersøkinga frå dei. Det fekk vi ikkje.

«Wolt er bedre enn de fleste tror.»

Utdrag frå Wolt-undersøkjing

Her er nokre døme:

  • «Min opplevelse av å levere for Wolt er bedre enn de fleste tror.»
  • «Jeg ville måtte redusere utgiftene mine hvis fleksibelt arbeid ikke var tilgjengelig.»
  • «Jeg føler mindre stresset over min økonomiske situasjon takket være å levere for Wolt.»

Spørsmåla er sendt vidare til professor Bernt Aardal på Universitetet i Oslo. Aardal meiner undersøkinga er nærast verdilaus på grunn av måten spørsmåla er stilt på.

– Den er ekstremt leiande, seier han.

Aardal seier at denne typar undersøkingar er mykje brukt i påverknadsarbeid, spesielt i USA. Wolt skriv sjølv i undersøkinga at dei vil bruka resultatet til politisk påverknad.

– Det er dessverre slik at om ein har tal på noko, blir det fort teke som god fisk. Men dersom tala er henta frå lause lufta, er dei ikkje verdt noko, seier Aardal.

Professoren seier ein må ha sjansen til å ettergå ei spørjeundersøking, om den skal vera av verdi.

– Men dersom ein hadde spurt Wolt sjølv om innsyn i desse spørsmåla, trur ikkje eg at me hadde fått det, seier han.

Undersøkinga er gjennomført i samarbeid med det danske konsulentselskapet Copenhagen Economics.

– Dei står fram som eit seriøst selskap, og då synest eg det er overraskande at dei går med på ei slik undersøking, sier Aardal.

Kommunikasjonssjef Nicole Andreou i Copenhagen Economics svarar på kritikken av undersøking på e-post. Ho skriv at sidan etterarbeidet framleis på går, vil dei ikkje gå inn i kritikken.

Ho presiserer at dei vil gjennomføra ein grundig og nøyaktig analyse før dei konkluderer med noko.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med

Innenriks

Bolig

Nye kommunale regler kan endelig hjelpe Rama inn på bolig­mar­kedet

Beredskap

Skal bonden, legen eller soldaten priori­teres når en krise tvinger oss til å rasjonere med energi? Mange kommuner aner ikke hva de skal gjøre når krisa rammer, advarer forsker Gunn Alice Birkemo.

Bolig

Flere vanske­lig­stilte på bolig­markedet kunne fått startlån dersom kommunene hadde vært mer fleksible, mener Husbanken.