Boknatta

Ein treng ikkje å lure på kva som er den kjekkaste festivalen i landet. No i helga var eg i bokbyen Fjærland igjen, som nærmar seg tredveårsjubileum, for litteraturfestivalen Boknatta. Bygda er modellert etter den første bokbyen i verda, Hay-on-Wye i Wales, og er éin av to bokbyar i Noreg. Der kan du gå langs vegen og sjå etter bøker i postkassestativ eller i antikvariat, og du må ta ein runde med deg sjølv om du ikkje finn noko du er interessert i, anten det er dei samla verka til Vladimir Lenin eller ein kriminalroman av Jo Nesbø.

Dagboka