Fridomen

I august 2018 gjekk brannalarmen på Nationaltheatret t-banestasjon i Oslo etter at nokon blant Brann-supporterane på veg til kamp mot Vålerenga fyrte av eit bluss inne på stasjonen. Då er prosedyren at alle toga på stasjonen køyrer ut, og toga som kjem, køyrer rett gjennom. Ein uheldig Brann-supporter lente seg til eit tog som byrja å køyre og fall ned i togsporet. Der vart han køyrt over av eit tog, men kom mirakuløst frå det med berre ein amputert fot.

Dagboka