How do you do, fellow kids?

#regjering

Du har kanskje sett det. Finansminister, humorhøvding og senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum som vrikkar på rumpa inne på ­kontoret i finansdepartementet. Han er på Tiktok. Denne kinesiske appen som kanskje spionerer på oss, men som er mest kjent for at Framstegsparti-politikar Per-Willy Amundsen kalla han TitCock frå talarstolen på Stortinget. Denne videoen har så klart Vedum fått fortent tyn for, og VG har spekulert i om videoen bryt straffelova om omsynslaus åtferd, krenking av privatlivets fred og deling av krenkande bilete.

Grovt sagt