Dei borgarlege partia ber nærings­ministeren gjer meir for å dempe leiarløningane i statlege selskap. Venstre meiner ho må vurdere å gje dei sparken.

Krev hardare skyts mot bonusar

Vil ha handling: Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) meiner næringsministeren må vere tøffare i klypa mot statleg eigde selskap som aukar leiarløningane. Foto: Christopher Olssøn

Fleire av dei største selskapa med staten som eigar, har valt å sjå vekk frå dei nye reglane til regjeringa om bonusordningar og leiarløningar.