Skyhøge bonusar i selskap som staten eig i, som Equinor, Telenor og ei rekke andre selskap staten har direkte styring med, fekk regjeringa til å dra i bremsen. Tidlegare næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) gav i 2022 beskjed om at det skal vera eit bonustak i alle selskap som staten eig i. Framover skulle ikkje bonusen over 25 prosent av fastlønna, mot 50 prosent tidlegare. Dermed var vel den saka løyst?