Dagboka

Dialog

På indre Sunnmøre vil Hofseth lage det som med god margin er Noregs største oppdrettsanlegg, på 100.000 tonn fisk i året. Anlegget skal byggast inne i gamle olivingruver langs Storfjorden, utan fare for rømming, og der store delar av avfallet blir reinska ut før vatnet blir skylt tilbake på fjorden. Går alt etter planen, kan dette bli det mest vellukka næringsprosjektet nokosinne.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?

Dagboka

Nynorsk

Etter at Sparebanken Sogn og Fjordane for nokre månadar sidan vart til Sparebank1 Sogn og Fjordane, har mobilappen min vore på bokmål. Eg vurderer å bli kunde i Voss sparebank for å sleppe det. Då vil eg også få eit bankkort med eit bilete av Ivar Aasen på. Det er forresten synd at dei einaste bileta som eksisterer av Ivar Aasen er dei der han er ein gamal og sliten mann. Kanskje ville nynorsken ha nådd lenger ut med ein litt meir ungdommeleg frontfigur. Det vart aldri slik Aasen drøymde om, at nynorsk vart det einaste skriftspråket her i Noreg. Viss du utelukkande les Dag og Tid, et på Kaffistova, går på Det norske teatret og deltek på Sentrumsløpet, kan du likevel leve eit fullgodt liv på nynorsk også i Oslo. Viss eg kunne ha bilete av kven som helst på bankkortet, ville eg kanskje hatt Olaus Fjørtoft.

Skule

Då Einar Førde såg Maridalen i Oslo for første gong, tenkte han: «Her er det fjord og fjell, her vil eg bu.» Og det gjorde han. Maridalen er ei levande landbruksbygd som ligg berre ein løpetur unna sentrum av Oslo. Viss det hadde vore lov å byggje hus der, hadde dalen vore full av folk. I staden er den full av enger, rundballar og traktorar. Og som andre småbygder, så må innbyggjarane stadig kjempe for å halde på grendeskulen sin. I eit nytt forslag frå Utdanningsetaten i Oslo, så er skulen foreslått nedlagd. Slikt skjer rundt om i landet heile tida, og mange trur at det er fordi det er stadig færre som bur i distrikta.

Godt gjort

Det er mange år sidan no. Eg arbeidde i lokalavisa og fekk tips om ein eldre kar som hadde starta hjortejakta med tre treff fyrste dagen. Eg reiste ut og fekk historia av han. Det ekstra spesielle var at jegeren hadde felt alle tre dyra frå kjøkenet, gjennom det opne kjøkenvindauget, mens kona låg i andre etasje og sov. Det blei eit godt hjorte-år i 2024. Aldri før har det blitt skote fleire hjort enn i fjor, då 54.200 hjort blei tatt i jakta. Flest hjort blei skotne i Vestland fylke.