Dagboka

Distrikta

Alt er større i Oslo. Blokkene er høgare, vegane er breiare, gatene er fulle av folk – eit sjeldan syn utanfor hovudstaden. Ferjene er kanskje ikkje særleg større, men når dei først krasjar, er nyhenda større. I det som på ein video frå inne i ferja såg ut som eit like dunk, vart snøgt toppsak i dei store avisene. Ikkje så rart at når det endeleg skjer noko dramatisk, at det vert toppsaka, for alt utanom det som hender på nyheitene, er større i Oslo.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Kongen

Kongen er sjuk. Vi får håpe at han overlever og vert frisk att. Harald er barn av to syskenbarn, og også bestefaren hans Haakon var gift med syskenbarnet sitt. Det er kanskje ikkje ideelt for helsa, men fram til no har han jo verka både frisk og rask. Faktisk er det ikkje så farleg å få born med syskenbarnet sitt, men det er dumt når det skjer gong på gong. For eit samfunn er det betre for folkehelsa med utskifting av genmaterialet. Kring 50 prosent av alle ekteskap i Pakistan er mellom syskenborn, og det gjer at sjansen for å få alvorleg medfødd genetisk sjukdom aukar.

Oksepenis

Alle som har gått på Veterinærhøgskolen og deltatt på larvelag har krøpet, knelt og blitt slått etter med oksepenis.» Dette noe oppsiktsvekkende sitatet ble gitt i en felles uttalelse av arrangementskomiteen i Ås til avisa Nationen forrige uke. De arrangerte det såkalte larvelaget, som 20 år gamle Anja Susana Jarquin-Myre deltok i, da hun startet på veterinærstudiet i fjor. Nå har hun valgt å avbryte hele studiet. Erfaringene med oksepenispisking bidro til beslutningen. Larvelaget er et 60 år gammelt uoffisielt opptaksritual til det prestisjetunge studiet. Ferskingene må krype som larver mens sisteårsstudenter slår etter dem med en oksepenis. Av andre pikante avstraffelser er å melke fra avkappet jur, eller kose med grisehoder.

Sommar

Håvard Nyhus har skildra august som den mest melankolske av alle månadar, og eg er einig. Både temperatur og solforhold skulle tilseie at det framleis er sommar, men overalt rundt oss er det umogleg å la vere å leggje merke til alle teikna på at det eigentleg er over. Badevatnet byrjar å miste varmen, ferien er forbi og det er mørkt om kvelden. Faktisk ein særeigen form for mørke som berre finst i august. Endå verre blir det av at det har vore det verste sommaren i manns minne på Vestlandet. Å leggje ferien dit i staden for å bli i Oslo, var rett og slett ei stor tabbe. I juni kom det 64 prosent meir nedbør enn det som er vanleg.