5. aug.
Fifa-håp Det blir hevda at Fifa-president Gianni Infantinos dagar går mot slutten. Spekulasjonar om kven som kan ta over, er i gang. To internasjonale sportsjournalistar slo nyleg fast at Infantinos arvtakar må vera plettfri, og peikte på Lise Klaveness, fotballpresidenten i Norge. I går gav tidlegare Fifa-president Sepp Blatter si støtte til Klaveness.
Internasjonalt blei Klaveness kjent for talen ho heldt før Qatar-VM i 2022. Juristen frå Meland i Nordhordland, med eit sterkt menneskerettsengasjement, gjekk på talarstolen og kravde at Fifa måtte beskytta arbeidarar, kvinner og LHBT+-personar under meisterskapet i landet der kvinner står svakt, der personar av same kjønn ikkje har lov til å gifta seg med kvarandre, og der arbeidarar jobba med å bygga stadionanlegg til VM under kritikkverdige forhold. I podkasten «David» fortalde ho nyleg om då ho heldt den kritiske talen, ifølge TV2: «Det var tøft, og eg var redd, det var skummelt.» Men det var viktig.
Sjølv begynte Klaveness å spela organisert fotball då ho var 12 år for klubben Kvernbit.
Anne Kari Hinna