Rikke Grønvold har delt denne artikkelen med deg.

Rikke Grønvold har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Psykolog Benjamin Silseth forklarer redsel, sorg og latterkrampe – med litt for store ord.

Dei kompliserte kjenslene

Ill.:Leonard Furuberg

Kjensler kan vere trøblete greier. Særleg når ein er ung og urøynd med alt som skjer i hovudet og kroppen når sterke kjensler oppstår. Foreldre får stadig understreka kor viktig det er å snakke om kjensler med barna, men det er ikkje alltid så lett for vaksne heller å forklare sjalusi eller sorg. Då kan ei bok om temaet vere kjekt å ha.

«Hvorfor kan man ikke sprekke av sinne?» er skriven av psykolog og TV-fjes Benjamin Silseth, som også har hatt ei spørjespalte om kjensler i Aftenposten Junior.Boka består kort og godt av 53 spørsmål (stilt av barn, må ein gå ut frå), som Silseth svarar på. Det er alt frå «Kan to gutter bli forelsket i hverandre?» til «hvorfor smitter latter?». Boka er flott illustrert av Leonard Furuberg. Illustrasjonane hans er teikneserieaktige og humoristiske med friske, innbydande fargar. Figurane hans har ekstra store hovud og auge, noko som gjer dei godt eigna til å vise fram dei ulike kjenslene Silseth skriv om.

Både forfattar og illustratør er tydeleg medvitne om mangfald. Furuberg i måten han framstiller barna han teiknar på: her har vi personar i alle fargar, former og storleikar, og med ulikt funksjonsnivå. Silseth i svara sine, som er opne og inkluderande ovanfor alle kjensler, legningar og situasjonar.

Benjamin Silseth skriv vennleg og kunnskapsrikt, og er god på å normalisere ulike kjensler. Han gjev råd om korleis ein kan takle til dømes sinne, og understrekar kor viktig det er å snakke med nokon ein stolar på viss ein har det vanskeleg. Noko av det Silseth gjer best, er å gje gode døme på situasjonar for å forklare kva han meiner. Når han svarer på om alle føler dei same kjenslene, samanliknar han det med at alle har ei slags berg- og dalbane i hovudet – nokon har høge toppar og djupe dalar, andre litt flatare kurvar. Han gjev også morosame døme – til dømes at ei kjensle eigentleg berre varer i 90 sekund – som er tida det tek deg å synge ‘Bjørnen sover’ to gonger. Artig for både små og store lesarar!

Eit spørsmål som likevel raskt melder seg er om språket i boka treff målgruppa, som ifølgje. forlaget er aldersgruppa seks til tolv år. Silseth brukar fagspråk ein heil del – han er jo psykolog – men iblant blir det for vanskeleg. Boka er nok i stor grad tenkt som høgtlesing saman med ein vaksen som kan forenkle og forklare, og det er fint at Silseth vil forklare det «tekniske» bak kjensler og korleis dei oppstår. Men uttrykk som hormon, eksponering eller – hjelp! – det autonome nervesystemet blir nok vel kompliserte for mange.

53 spørsmål er ganske mykje, og ein kan lure på om forlaget har hatt problem med å fylle kvoten. Mange av spørsmåla – og dermed svara – er svært like, og kunne gjerne ha blitt slått saman. Gjentakingane og det litt for kompliserte språket dreg dessverre ned for heilskapen. Men alt i alt er dette eit sympatisk prosjekt som gjer mykje godt for å normalisere dei ulike kjenslene vi alle går rundt med. Med ein medviten vaksen som kan forklare, kan dette vere ein fin samtalestartar med ungane på sengekanten.

Dette får du

  • Nye perspektiver

    Journalistene våre gir deg analyser og vinklinger du ikke finner andre steder.

  • Klassekampen.no

    På klassekampen.no får du servert de beste sakene fra avisa. Du kan også lese dagens og tidligere utgaver, søke i arkivet og dele artikler med venner og kjente.

  • Nett eller papir?

    Du kan ha papiravisa hver dag, bare i helga eller ikke i det hele tatt. Digital tilgang har du uansett!