Holly 15. nov.
God helg Eg er så glad i den gode læraren til tredjeklassingen min. I dag, fredagar, skriv ho eit brev til oss om veka som er gått.
Sist fredag fortalde ho om haustens leseaksjon som er i gang, om turen på skulebiblioteket for å låna bøker til å ha i klasserommet, om tida som er brukt på kunst, noko alle i klassen er blitt veldig glad i. Om geografi, og «turar» klassen har vore på til land langt vekke, om andre språk dei har lært å tilja til ti på, om folketal og byar.
Om lærarstudenten som er i klassen for tida. Om engelsktimane og om s-en bak verba. Om å runda av til næraste tiar og hundring, som ikkje alltid er like lett for alle saman, men det må lærast forstår me, og det kallast overslagsrekning.
Læraren har langt mørkt hår, og slår meg som tryggleiken sjølv. Ho er tydeleg og forståelsesfull.