75 dagar

I Aftenposten les eg at ein trend er å utfordre seg sjølv til å gå 75 dagar utan alkohol, trene to treningsøkter kvar dag og lese ti sider i ei sjølv­hjelpsbok kvar einaste dag. Det vil seie til saman 750 sider med sjølvhjelpsbok. Og bøkene er jo ikkje lange, så du vil til dømes kome deg igjennom både «Finn din ­superkraft – nøkkelen til varig ­motivasjon og livsglede!», «Nå! – Grip øyeblikket, det er alt du har» og «Bli ­lykkeligere». Faktisk vil du då framleis ha att 76 sider, så du kan byrje på «Lev mer med mindfulness» også.

Dagboka