Olav, du må vakne, russen kjem

Forsvaret

Russarane har Wagner, men vi har russen. For å styrke Forsvaret skal alle russebussane rett inn i Hæren. Berre dei som i full offentlegheit har køyrt rundt med ein gorillakuk eller eit overgrep på bussen sin, fortener å køyre den enorme fallosen ein tanks er. Ut med distinksjonar og medaljar, inn med russeknutar. Ut med monarkiet, inn med republikk og russepresidenten som øvstkommanderande. Drepe ein russar på raudt lys? Babuska i knuten. Lege med fire russarar på ei helg og drepe dei? Putin-figur i lua. Drukke 24 pils på 24 timar og drepe ein russar? Vodkaflaske i bereten. Christian Ringnes må donere miniatyrflaskemuseet sitt til fronten. Drepe 24 russarar på 24 timar og drukke ein pils? Kalashnikov i lua. Drepe ein russar i ei rundkøyring medan du åt frukost? Eit lite ratt i hatten.

Grovt sagt