Russlands Bataclan

I går var det nasjonal sørgjedag i Russland etter den brutale terroraksjonen i Moskva fredag kveld. Minst 133 menneske vart drepne og 145 såra i åtaket på konsertarenaen Crocus. Salen var utseld til ein konsert med bandet Picnic. Det legendariske, russiske rockebandet har halde på sidan 1970-talet, og konserten samla heile familiar. Terroråtaket fredag var det mest dødelege i Russland sidan Beslan-skrekken i 2004 då 334 gislar, 186 av dei barn, vart drepne på den kapra barneskolen.

For mange vil det nøye planlagde og målretta åtaket på Crocus vekkja minne om terroraksjonen som kravde 130 liv i og ved konsertlokalet Bataclan i Paris 13. november 2015, og bombeåtaket utanfor Manchester Arena 22. mai 2017 der 22 vart drepne og 119 skadde før ein konsert med Ariana Grande. Begge aksjonar vart utførte av IS-tilknytte terroristar. IS har òg tatt på seg ansvaret for Moskva-terroren, og terrorforskarar vurderer IS-avdelinga i Afghanistan (IS Khorasan) som sannsynlege illgjerningsmenn.

Laurdag viste elektroniske tavler over heile Moskva eit tent lys over teksten «22.3.24 – Vi er i sorg». Parallelt heldt åtakskrigen mot Ukraina fram med uminka kraft gjennom helga. I president Vladimir Putins første reaksjon på terroren, sa han også at terroristane ikkje berre var tekne, men arresterte på veg i retning Ukraina. Det er sjølvsagt illevarslande for responsen terroren vil få. Heldigvis, og sjølvsagt, fordømde både Noreg, USA og dei fleste av Ukrainas vestlege støttespelarar Crocus-massakren etter eit nølande døgn med mediespekulasjonar om terroren.

Russland er ein stadig meir autoritær føderasjon med dødeleg undertrykking av opposisjonelle, utan presse- eller ytringsfridom. Ein bør vera skeptisk til informasjon frå Russland. Samstundes har ein aggressiv innan- og utanrikspolitikk gjeve landet ei rad indre og ytre fiendar. Fleire av dei har samla seg om islamistisk terror som følgje av dei ekstreme krigane i Tsjetsjenia og Syria. Men ingenting gjer sivile til legitime mål. Målretta drap av sivile, i krig som i terror, er uakseptabelt og forkasteleg.

Leder