Aleksander Åsnes
Dum
Eg likar ikkje når folk kallar ting for gamaldags. Å kalle noko gamaldags er nesten aldri eit godt argument for noko som helst. Viss du meiner at ein måte å gjere ting å er betre enn ein annan, så burde du argumentere for det. VIss det ikkje er så lett, så kan det hende at den nye måten ikkje er så bra som du trur.
I vårt samfunnet er det nemleg mange som lir av ein eigen form for dumskap, og den kjem særleg til uttrykk når dei skal handtere det som er nytt og spennande. Som til dømes når NRK-journalistar trykkjer idiotiske faktaboksar som ikkje gir noko meining, men som er utforma av kunstig intelligens.
Å vere gamaldags er heilt topp, det. At folk tviheld på gamle og dårlege løysingar som hindrar at verda går framover, er faktisk ikkje eit problem.