Aleksander Åsnes
Smak
Det er ein sterk skikk i Noreg at ein ikkje skal seie noko stygt om dei døde, men det er mange stader det ikkje er slik. I både USA og Storbritannia er det til dømes ganske vanleg med krasse oppgjer i avisene når kjente folk døyr. Eg trur eg likar den norske høflegheita litt betre, men når til dømes Olav Thon døydde førre veke, tykte eg det var litt lite kritikk.
Olav Thon sa ein gong i sein alder at det bygget han var aller mest fornøgd med, var Thon Hotel Opera i Bjørvika i Oslo. Det var Aftenposten som lurte på om han var oppteken av vakre bygg, og då trekte Thon fram dette heilt forferdelege bygget han har bygd på det som vel må vere den beste hotelltomta i Noreg. Det er klart at folk har forskjellig smak, men at det skal vere eit vakkert bygg, tenkjer eg rett og slett er feil. Det finst mange stygge hotellbygningar i Oslo, men det sørgjelege med Thon sitt bygg ved Operaen er at det skjemmer ut heile dette nye byområdet.