Tv-serie-­engasjert

For nokre veker sidan ringde mor mi meg plutseleg med ei stor nyheit. Etter å ha slukt serien til Bård Tufte Johansen, «Oppsynsmannen», om naturkrisa i Noreg, hadde ho skjønt det. Endeleg forstod ho kva eg hadde prata om all denne tida. Bit for bit blir landet bygt ned, utan plan, utan meining. Plutseleg såg ho ikkje berre all den vakre naturen rundt bygda si, men også kor mykje som var blitt borte. Små flekkar her og der. Det var lenge sidan eg hadde høyrd ho snakke om noko med slik takt.

Akkurat nå