Kva får ein for 38,9 milliardar kroner no for tida? Samferdselsministeren har brukt veka på å reise rundt i landet og love jernbane og vegar.

Alle vil ha veg

Vill ni följa med oss västerut?: Den siste veka har samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) reist rundt i landet for å lekkje godbitar frå Nasjonal transportplan. Her i Arna i Bergen. Foto: Martin Årseth

Ein ordlegg seg alt etter kven ein pratar med. Skal ein skildre det store samferdselsprosjektet i bergensområdet til nokon austpå som ikkje er veldig interessert, seier ein gjerne at det er jernbane og veg mellom Bergen og Voss. Går ein på gata i Bergen, seier ein gjerne mellom Arna og Stanghelle. På jernbanestasjonen i Arna i går var det berre folk som seier K5 – for konseptval fem.

Kommentar