Kva Noreg kan lære av Stein Lier-Hansen.

Jakta

No høyrer ikkje eg til næringslivseliten, heldigvis for næringslivet, så det var nytt for meg at jakt skulle vere den ultimate måten å knyte kontaktar på. No skal det seiast at trendar i mitt eige sjikt òg gjerne går meg ein tomannsbustad forbi. Tidlegare Norsk Industri-topp Stein Lier-Hansen brukte 18,2 millionar kroner av Norsk Industri sine pengar på å leige den eksklusive jaktstaden Dargesjå på Hardangervidda, der han dreiv med «relasjonsaktivitet», frå 2015 til 2023. No har Kjell Inge Røkke svidd av 200 millionar kroner for å få seg eit jaktområde og konferansesenter i Härjedalen. Det enklaste hadde kanskje vore om staten kjøpte hytta på Dargesjå og sende opp alle politikarane som alt er inhabile.

Grovt sagt