Fleirtal for Trondhjem

Lars Erik Jaatun har heilt rett i Klassekampen 15. februar. Både i bystyret og mellom innbyggjarane i Trondheim var det klare fleirtal for at byen skulle bli heitande Trondhjem under den brutale namnestriden 1928–31. I intervjuet med meg 8. februar blei det diverre feil. Eg greidde å oversjå at fleirtal for Trondhjem var blitt til fleirtal for Nidaros i sitatkontrollen.

Debatt