Då eg vakla ut av kinosal 2 på Vega førre torsdag, hadde eg ein følelse av å måtte kasta opp. Eg hadde sett Jonathan Glazers drama «The Zone of Interest». Eller, vel så mykje hadde eg høyrt den, for «The Zone of Interest» er som to filmar i eitt: ein du ser, og ein du høyrer, og det du høyrer trenger seg opp og fram og heilt inn i skjelettet.
Korfor er eg brått blitt så opptatt av holocaust?