Treski

Eg har eit par Åsnes treski frå slutten av 60-talet, handlaga på Åsnes skifabrikk i Fjaler i Sunnfjord. Dei siste vekene har forholda vore perfekte for å nytte seg av dei i Oslomarka. I tørr og kald laussnø, så har treski nokre eigenskapar som er heilt overlegne dei moderne glasfiberskia. Du treng ikkje skismørjing, og heller ikkje feller. Du flyt oppå snøen på ein heilt eigen måte, og får du nok fart kan det kjennest som du flyg nedover på pudderet.

Dagboka