Solveig Aareskjold
Naturleg hanndyr
Så langt tilbake som det har vore laga film om dinosaurar, har dei kome farande på skrå ut or bakgrunnen med ville brøl og kjeften på vidt gap. Inga vitskapleg forsking har kunna hindra den hyperforskrekkelege Tyrannosauros rex i å bli framstilt som så støyande at dersom han hadde åtvara byttedyra på den måten i det verkelege livet, hadde han svolte i hel lenge før han rakk å utvikla seg. Jamvel levande dyr som er filma i sitt eige miljø, blir fortolka av menn som ikkje veit skilnaden på jakt, kamp og paring, og som ikkje har forstått at det berre er menneska som ser på klokka – med gamle David Attenborough som heiderleg unntak.
Ein BBC-produksjon om isbjørnar i Arktis opnar med ein hannbjørn som luntar fredeleg i sporet etter ei binne mens ein oppgaldra kommentator informerer om at tida er knapp, for no gjeld det om å forplanta seg før den korte polarsommaren er slutt. Men sidan isbjørnen er eit dyr, er det lite rimeleg at han har noko medvit om at den godlukta som strøymer inn i nasen, eller det suget i kroppen som får han til å gå og gå, er eit varsel om at han må skunda seg dersom han skal bli far til lodne små isbjørnungar. Han kjenner berre ein veldig trong til å halda fram i dette sporet. Hadde nokon prøvd å hindra han, ville han blitt svært sint.