Då eg var lita, las eg det meste eg kom over. Eg innbiller meg at inga formidling var nødvendig for min del, ettersom eg var så interessert sjølv. Eg leste teikneseriar, Starlet og Penny, eg var medlem av TL-klubben, eg gjekk på biblioteket, eg var medlem av raud marihøne, blå marihøne og ungdomsbokklubben. Eg leste «Dei må ikkje skyta Garm» og «Bjednekniven» på skulebiblioteket, eg leste «Victoria» av Hamsun frå bokhylla heime, lenge før eg var gamal nok til å forstå noko som helst av den. Ikkje minst leste eg alle bøkene i serien Nord og Sør, som også gjekk på tv med Patrick Swayze som Orry, eg las nok dei bøkene fleire gongar, i alle fall finst dei framleis i ei bokhylle med brun teip på ryggen av minst to av seks bind.
Det kan sjølvsagt vere tilfeldig at mine barn les betydeleg mindre enn eg gjorde, men eg har ein mistanke om at det heng saman med at notida tilbyr eit noko større utval av stimuli. Eg trøystar meg ofte med at mange populære dataspel tilbyr interessante narrativ, truleg overgår desse narrativa historiene i Starlet og Penny, og gamingglede kan vel vere like genuin som leseglede. Eg kan også bli imponert over enkelte innhaldsprodusentar på Youtube; animatørar, komikarar, ja, til og med spelanmeldarar, det er jo historieforteljarar sjølv om dei ikkje skriv. Eg kanikkje forvente at barna mine skal sluke «Dei må ikkje skyta Garm» eller alle bøkene i TL-klubben.
Likevel.
Eg må jo få dei til å ville lese. Dei las barnebøker på nynorsk då dei var små, Gutta i Trehuset då dei blei litt større, men no er det skralt, altså. Og eg veit ikkje om det skal vere mitt ansvar – skal ikkje samfunnet ønske at barna og ungdommane les?
Jo. Ifølge kulturminister Lubna Jaffery, ønskjer regjeringa at barna les. I eit innlegg i Dagbladet 8. desember, skriv ho at «de ferske Pisa-tallene viser at leseferdighetene er på vei ned, og at leselysten blant norske barn og unge er historisk lavt. Det bekymrer oss». Innlegget er eit svar på ein leiarartikkel som kritiserer kulturministeren for ikkje å erstatte ei statleg ordning som gav viktige pengar til fleire litteraturorganisasjonar.
«Eg kan ikkje forvente at barna mine skal sluke alle bøkene i TL-klubben»
Tidlegare kulturminister Anette Trettebergstuen hadde kome med lovnader om at Litteraturhus og litteraturfestivalar skulle få midlar slik at dei ikkje fekk så stort bortfall av midlar til aktiviteten dei gjer, men noverande kulturminister Lubna Jaffery har ikkje følgt opp. Derimot framhevar ho i innlegget biblioteka sin innsats for leseglede framfor Litteraturhus og Litteraturfestivalar, og hevdar at Biblioteka er prioriterte og styrka i årets budsjett. Om landets Litteraturhus, i Trondheim, Bergen og Fredrikstad, eller landets litteraturfestivalar, til dømes i Vinje, Molde og på Lillehammer, seier ho ingenting. Kanskje meiner ho at det å samle seg om litteratur på den måten ikkje har verdi, eg veit ikkje. Men når ho ikkje seier anna om Litteraturhuset i Oslo enn at dei ligg i hjørnet av Slottsparken og er eit privat litteraturhus, får i alle fall eg ei kjensle av at ho ikkje anerkjenner verdien av arbeidet dei gjer, til dømes i samarbeid med folkebiblioteka.
Eg har følgt arbeidet til litteraturhusa tett i mange år, både som styremedlem, publikum og forfattar. Litteraturhuset sender eigne produksjonar ut på bibliotekturné. Litteraturhuset strøymer arrangement til gratis framsyning på bibliotek. Litteraturhusa og litteraturfestivalane er rett nok ikkje offentlege etatar, men dei fleste er organiserte som stiftingar eller foreiningar. Og dei skapar leseglede gjennom profesjonell formidling, ofte i samarbeid med landets bibliotek. Det er kort veg frå Slottet til Litteraturhuset, men er det Kongefamilien som frekventerer Litteraturhuset oftast, eller er det barnehagebarn og småskulebarn? Kanskje Lubna Jaffery sjølv er oftare på Slottet enn på Litteraturhuset i hjørnet av Slottsparken? Alt barneprogram på Litteraturhuset i Oslo er gratis. Det var også heile Fosse-festen Litteraturhuset arrangerte i dagane rundt Nobelprisutdelinga.
Statsråden skriv i Dagbladet at dei satsar på Folkebiblioteka. Men det er ikkje den satsinga som trengst. Folkebiblioteka treng større driftsrammer, ikkje tilfeldige prosjekttilskot. Norge er i botn i Norden når det gjeld ressursar til folkebiblioteka, sjølv om ein inkluderer innkjøpsordningane i reknestykket. Over 70 kommunar har mindre enn eit årsverk i folkebiblioteket, mens Finland har like mange innbyggarar, men dobbelt så mange årsverk i biblioteka.
Denne hausten har eg vore på turné på bibliotek i Møre og Romsdal og Ryfylke. Det er vedunderleg å møte publikum på kvart eit nes, vedunderleg å vere såpass få i rommet at alle rekker opp handa og deltar i samtalen etter bokbadet. Slik er det jo ikkje om ein opptrer i Wergeland-salen på Litteraturhuset i Oslo. Men på Litteraturhuset i Oslo kan dei strøyme samtale mellom Håkon Bleken og Dag Solstad til alle bibliotek som er interesserte i å setje opp arrangementet.
Kanskje kan Litteraturhuset i Oslo invitere Rick Riordan og strøyme samtalen til biblioteket på Oasen i Fyllingsdalen? Og kanskje kan Lubna Jaffery gå innom Fyllingsdalen bibliotek når ho er heime på juleferie og sjekke om det ikkje hadde vore på høg tid med ei oppussing av lokalet før denne strøyminga? Mine barn ville gått og høyrt på Rick Riordan uansett, altså, men.



