Anne-bente Hadeland har delt denne artikkelen med deg.

Anne-bente har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Kyrkjas liturgi er som døra til Narnia. Du kan gå gjennom klesskapet og ut i ei anna røynd.

Samanfall og æve

Messe: Her Asta Nørregaards «Julenattsmesse i et fransk kloster» (1889). Illustrasjon: Nasjonalmuseet

Jo eldre eg vert, dess meir kjenner eg på at tida berre går og går. Straks er det nyttår igjen. Åra berre rullar av garde, og meiningsløysa ligg rett rundt hjørnet. Tida vert nærast som eit måleband der kvar dato og kvart år følgjer på kvarandre, som millimeter og centimeter – og så er det slutt. Denne opplevinga, som mange kanskje deler, føreset at ein har eit moderne og sekularisert blikk på tida. I den kristne førestillinga er tida faktisk heilt annleis. Her er det ikkje kronologien, eller det at åra går, som er poenget. Her er tida eit sakrament – altså eit middel – for æva.

Dei som såg julenattsmessa frå Peterskyrkja, fekk med seg eit gammalt ritual som berre vert nytta akkurat i denne messa, nemleg det som vert kalla proklamasjonen av Kristi fødsel. Ein einsleg diakon står og syng ei høgtideleg tidfesting ut frå hendingar i bibelsoga, og ikkje berre herifrå, men også frå den greske og romerske verda. Proklamasjonen syner at Kristi fødsel er høgdepunktet i både den heilage og sekulære historia.

Her vert Jesu fødsel tidfesta i det tjuefyrste hundreåret etter at Abraham drog ut frå Ur i Kaldea, i det trettande hundreåret etter at Moses leidde Israelsfolket ut frå Egypt, tusen år etter at David vart salva til konge, i den eitthundreognittifjerde olympiaden, i det sjuhundreogfemtiandre året etter at byen Roma vart grunnlagt, i keisar Augustus førtiandre regjeringsår, då heile verda heldt fred.

Jesu fødsel vert skriven inn blant andre hendingar i verdssoga i ein synkronisert kalender. Samstundes er bodskapen meir enn dette. Klassisk teologi har alltid tenkt at Gud vart menneske, Ordet vart kjøt, i «tidens fylde». Tida var førebudd og mogen, det var under Pax Romana, «då heile verda heldt fred», som diakonen syng. Då innleidde Kristi fødsel den sjette tidsalderen, ifølgje teologane frå mellomalderen, ein tidsalder som varer heilt til tida tar slutt, og kor kvart år nemnes med Anno Domini, «det Herrens år». Vi avsluttar snart Anno Domini 2023.

I det kristne perspektivet er tida ordna rundt det at Gud vart menneske, det vi kallar inkarnasjonen. Difor er ikkje tida berre ei rekke av gjentakande år. Det er meir sakssvarande å tenkje tida ut ifrå eit sentrum enn som ei line. Når teologane i mellomalderen førestilte seg tida, var difor sirkelen ein vanleg modell. Sentrum i sirkelen var det punktet då Gud braut inn i tida og vart menneske. Dette handlar om Jesu fødsel, men like mykje om det som skjedde i påska, då Jesus døydde og stod opp att. For meg som kristen vert poenget med tida å gå inn og ut av dette sentrumet. Det gjer eg gjennom kyrkjas liturgi. Eit liturgisk forhold til tida er soleis heilt sentralt i den kristne trua – så lenge trua sjølv ikkje er sekularisert og slukt opp av vår eiga samtid.

Kvar veke feirar vi Jesu oppstode på søndagen, og kvar vår feirar vi påske. Til forskjell frå jula, som er ei minnehøgtid, er påska eit mysterium, som tyder at mennesket sjølv deltar og vert forvandla. Med Jesu oppstode føregrip påskefeiringa overgangen til det neste livet. Liturgien vert litt som døra til Narnia, kor du faktisk kan gå inn gjennom klesskapet og ut i ei anna røynd, der tida ikkje er kronologi, men samanfall og æve. Difor syng vi alltid i presens: «Oss er i dag en frelsar fødd», på julenatt. «Dette er den natt da Kristus brøt dødens lenker», på påskenatt. Heile tida vender vi tilbake til sentrum og livet får meining frå æva som bryt inn i verda.

Dette forholdet til tida gjer at eg kan leve livet mitt saman med Kristi liv, slik idealet har vore gjennom heile kyrkjesoga. Imitatio Christi har vore mottoet for kristenlivet. Det er ei form for synkronisering. Til sist, når eg døyr, døyr eg saman med Kristus, slik at eg også kan oppstå med Kristus.

Beda Venerabilis, den angelsaksiske munken frå 700-talet som innførte nemninga Anno Domini, skildra tida som aldri kvilande bølgjer. Kontrasten til den flyktige rørsla i livet var den stabile æva. Eg tenkjer på stilla, som vi har lært av Jon Fosse og på korleis Fosse, på kvardagsleg vis, skildrar nett det å leve i tida og æva, gjennom liturgien.

Når Asle sit og ser ut over bølgjene på Sygnesjøen, dei som alltid rullar, tenkjer han på at han vil reise til messa i St. Paul kyrkje fyrste juledag. Liturgien gjev han tryggleik, som han seier: dei kjende ord gjev meg tryggleik tømde som dei er for meining i vanleg tyding, i staden har dei fått ei stille i seg og den stilla fyller dei med meining, med Guds nærvær.

Er dette berre tankespinn og røyndomsflukt? Nei, sjølvsagt ikkje. For å greie å stå av bølgjer, storm og uver, er det naudsynt med eit ankerfeste. I den kristne trua er ankerfestet i Gud sjølv.

Dette får du

  • Maktkritisk journalistikk

    Få tilgang til hele avisa på papir og nett. Du kan velge å få papiravisa hver dag, lørdag eller kun nettavis.

  • Prisvinnende nettavis

    Klassekampen.no gir papirfølelsen på nett, uten distraksjoner og billige grep.

  • Magasiner

    Du får Musikkmagasinet på fredag, Bokmagasinet på lørdag, samt Le Monde diplomatique på norsk en gang i måneden.