Reklamen

Ein kafé i Kongsvinger har eit måleri på veggen av ei dame som drikk eit glas raudvin. Det er alkoholreklame, ifølgje skjenkekontrollen, som bad dei ta det ned. I staden for hengde dei opp ein post-it-lapp med teksten «sensur» framfor vinglaset. Ein kafé i Hallingdal møtte på det same problemet, men då gjorde kunstnaren sjølv om på kunsten og sensurerte det som hadde med alkohol å gjere. På Gjøvik må baren Hygge endre logoen fordi Y-en var forma som eit drinkglas.

Dagboka