Mensen

Mensen Ernst frå Fresvik i Sogn vart fødd i 1795, og han var den første profesjonelle idrettsutøvaren i Noreg. Å springe veldig langt var hans idrettsgrein, og i dag ville han kanskje ha vorte kalla ultramaratonløpar. Han vart nærast ein verdssensasjon, og det møtte gjerne opp tusenvis av menneska når han kom løpande til ein by som Jerusalem, London eller Konstantinopel. Nokre gonger måtte politiet og hæren jage vekk skodelystne, slik at Ernst skulle ha plass til å springe.

Dagboka