Det er presse­etisk rett å visa meir av lidingane til barn i Gaza, meiner fagleiar for VGs utanriks­avdeling Amund Bakke Foss.

VG har valt å visa meir vald

Kva kan ein trykka? Konsekvensane av bombinga av Gaza er enorme og presser grensene for kor brutale foto media publiserer. Her prøver palestinske hjelpearbeidarar å frigjera ein skadd gut i ruinane frå flyktningleiren Bureij etter eit israelsk flyåtak 2. november. Foto: Mohammed Dahman, AP/NTB

Krigen i Midt-Austen denne hausten har fått VG til å skjerpa bildedekkinga si og visa meir av dei brutale konsekvensane for sivile og i sær barn på Gaza.