Høgre vil ikkje støtte regjeringa sin mineralplan for havbotnen. Partiet krev vesentlege endringar for å stemme for i Stortinget.

Seier nei til mineralplan

USIKKER: Bård Ludvig Thorheim i Høgre kan ikkje støtte stortingsmeldinga om gruvedrift på havbotnen slik ho ligg føre no. Foto: Annika Byrde, NTB

Regjeringa vil gjerne vinne ut mineral frå botnen av havet, men treng hjelp frå høgresida. Den faste samarbeidspartnaren SV er ein stor motstandar av mineralutvinning på havbotn.