Martin Årseth har delt denne artikkelen med deg.

Martin Årseth har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Maria Pile Svåsand vaks opp på bokbåten «Epos». No driv ho båten sjølv, men er i naud etter pengar til nye motorar.

Sekstiåringen har fått motortrøbbel

Alt du treng er ein kai: Maria Pile Svåsand, dagleg leiar i stiftinga Litteraturbåten Epos, drøymer om å ta dei største forfattarane med til dei minste bygdene.

– Eg er totalt uhilda når eg snakkar om denne båten. Han har vore som ein familiemedlem. Foreldra mine møttest her, eg lærte å krypa her.

Maria Pile Svåsand er dagleg leiar i stiftinga Litteraturbåten Epos, som i fjor tok over farkosten som har vore bokbåt langs vestlandskysten fram til fylkeskommunen la han ned i 2020.

Bestefaren hennar bygde båten på Fjellstrand verft i Hardanger i 1963, og foreldra hennar dreiv han fram til ho var 14 år gamal.

– Eg får høyra at eg er litt gal, men det er kanskje det som må til for å ta på seg ein slik jobb, seier Svåsand.

– Eg hugsar godt lyden av ungar som storma om bord då landgangen vart lagt ut, og det privilegiet å sitja heilt åleine i biblioteket på kvelden. Ungane følte det var sin båt, om dei skulle gå på trylleshow eller låna boka eg helst ville lesa

Middag kvar dag

I tillegg til å vera eit bibliotek har bokbåten alltid hatt arrangement når dei kjem til bygda. Gjerne noko for ungar på dagtid og for vaksne på ettermiddagen.

Jan Eggum, Ingebrigt Davik og Olav Stedje er alle på lista over turnerande artistar. Stig Holmås har jobba som bibliotekar om bord og har starta aksjonar ved fleire høve når bokbåten har vorte truga med nedleggingar.

Og utanom arrangementa skal det nesten fungere som ei skrivestove, skal vi tru den daglege leiaren, og alle bygder med ein kai skal kunna få besøk av «Epos».

– Eg lagar middag til dei kvar dag. Resten av tida kan dei sitja på dekk, sjå på utsikta og skriva, seier Svåsand.

Ho skildrar ein kulturkrasj som har fungert, mellom bibliotekarar på syttitalet som var ganske radikale, og skipsreiarar frå vestlandsbygder som kunne skryta av å aldri ha lese ei bok.

– Eg trur det har vore mange høglydte diskusjonar i salongen over nokre glas raudvin. Ein kulturinstitusjon og ein båt er to verder som sjeldan møtest.

Færre veglause bygder

Var eg ein gud, ville eg skapa båt og bibliotek. Ein treng ikkje leite lenge i ein gjennomsnittleg vestlandsfjord for å finne romantikarar når desse emna kjem opp, men romantikk kostar. Somme vil kanskje seia at det kostar flesk.

Dei vestlandske kulturinstitusjonane søkk éin etter éin. Først teaterbåten «Innvik» ved Nesodden, så englandsbåten «Jupiter» utanfor Vietnam. Sekstiåringen «Epos» flyt godt, men treng no å byta ut to motorar.

I det første driftsåret til stiftinga slit dei uheldigvis med å betale dei to millionane det kostar. På landgangen ligg det nye blåser og dieselkanner. Det er mykje arbeid med ein gamal båt. Berre roret og nokre dørkarmar er att frå det originale interiøret.

– Dei som synest dette er galnast, er dei som eig båt sjølv. Det er risikabelt å ha ein 60 år gammal båt, og no ser vi jo korleis det kan gå. Og med tanke på å verta reiarar, var kanskje eg og stiftinga litt naive, men me er likevel så sikre på at dette er verd det. Vi veit
verdien i opplevingane båten gjev, seier Svåsand.

Stiftinga får støtte frå ulike stadar til prosjekt, men har ikkje støtte til vanleg drift. Som dei fleste andre kulturinstitusjonar er det dét dei ønskjer seg. Bruker vel to og ein halv millionar kroner på drifta i år, men Svåsand har større ambisjonar.

– Eg drøymer om å ha med dei største forfattarane til dei minste bygdene.

Helsing frå Fosse

Dei nytrykte opplaga av bøkene til nobelprisvinnaren Jon Fosse står utstilt og i øskjer. Svåsand tilrår «Prosa frå ein oppvekst».

Forfattaren og båten er sambygdingar, dei er begge er frå Strandebarm.

«Frå oppveksten hugsar eg godt fleire fine turar på fjorden med Epos. Stor gratulasjon til sekstiåringen», skriv Fosse i ein e-post til Klassekampen.

Han skildrar «Epos» som eit siglande litteraturhus frå lenge før litteraturhusa, som kunne bringa den litterære kulturen til dei folk som budde på småstadar i vestlandsfjordane.

«Bøker kom, som kunne lånast, og oftast var det også eit program med opplesing eller liknande, for små og store. Betre kulturell distriktspolitikk kan knapt tenkjast.»

Fosse er oppdatert på utfordringane med å få nye motorar og meiner alle gode krefter må samle seg for å redde båten:

«Det er eit svært stort tap dersom Epos må gje opp si episke ferd, som eg opplever som meir lyrisk enn episk, og om båten ikkje får halda
fram med å sigla, er det dramatisk, ja ein tragedie – eller vel helst ein stupid komedie», skriv han.

Ut på bølgene

Lukkønskingane sit laust blant vestlandsforfattarane. Frode Grytten skriv i ein e-post til Klassekampen at bokbåten er ein stolt tradisjon for å få bøker, forfattar, musikarar og kunstnarar «ut til dit som folk bur og pustar og lever».

«Eg vonar at dei som sit på pengane forstår kor viktig dette er, og sørger for at stiftinga kan drive eit flytande litteraturhus, få båten ut på bølgene og ut til folket», fortel Grytten.

Dette får du

  • Maktkritisk journalistikk

    Få tilgang til hele avisa på papir og nett. Du kan velge å få papiravisa hver dag, lørdag eller kun nettavis.

  • Prisvinnende nettavis

    Klassekampen.no gir papirfølelsen på nett, uten distraksjoner og billige grep.

  • Magasiner

    Du får Musikkmagasinet på fredag, Bokmagasinet på lørdag, samt Le Monde diplomatique på norsk en gang i måneden.