Aleksander Åsnes
Demokrati
Viss Harris og demokratane vinn valet i natt, så vil venstresida i USA plutseleg vere inne i sin beste periode på nesten hundre år. Då vil dei i 2028 ha styrt landet i 16 av dei siste 20 åra. Viss Trump vinn i natt, så vil dei fleste vere samde om at det er ei slags krise på den amerikanske venstresida.
Magnus Marsdal, Mímir Kristjánsson og Thomas Seltzer verkar å vere samde i at det ikkje gir så mykje meining å kalle USA for eit demokrati. Dei argumenterer for at det uansett er pengemakta som rår og ikkje vanlege folk. Det er ein kritikk ein kan rette mot mange ulike demokrati, og det er vel utvilsamt at USA er eit svakare demokrati enn til dømes Noreg. Eg er likevel heilt usamd i at vi ikkje bør kalle USA for eit demokrati.