11. juli
Raudt kort I veka som var ringde den amerikanske presidenten Donald Trump til fotballpresidenten Gianni Infantino og bad han gripa inn og fjerna det raude kortet som dommaren gav spissen på laget til USA, Folarin Balogun, under sekstandedelsfinalen. For elles ville han vera utestengd frå neste kamp. Og Infantino ville gjerne hjelpa til, skulle berre mangla, når det var sjølvaste Trump som bad! Etterpå takka Trump han på sitt eige sosiale medium, «Truth Social», for å ha gjort det rette.
Det var som om ei kraft frå ovan slo til då USA tapte 4–1 mot Belgia, særleg då den tredje ballen trilla rett forbi skotuppane til målvakta, som hadde rota seg langt ut på banen og heldt fram beint mot mål like under føtene til ein forsvarsspelar som skvatt forvirra opp i vêret i staden for å sparka han unna.
Fotballdomarar dømer feil rett som det er og får mykje kjeft for det. Men fordi dei i det store og heile er skikkelege folk, og på grunn av sosialt press frå spelarar og publikum, er det svært sjeldan at dei gjer det med vilje. Dessutan veit både dei som spring etter ballen og dei som sit og heiar på tribunen, at utan eit klart regelverk og ein dommar som kan gripa inn mot vald og ukjurskap, vil det raskt utarta til masseslagsmål.
Så pass har dei fleste barn forstått lenge før dei byrjar på skulen. Dei som prøver å koma unna med juks og lyging, kan nok bli så rivne med av si eiga bortforklaring at dei mistar sanninga av syne.
Solveig Aareskjold