Dagboka

Bank-bank

Skrekkfilmen «Door» frå 1988 er nyleg blitt restaurert og går i desse dagar sine første rundar på kino utanfor Japan. Den blir no vist på festivalen Film fra sør i Oslo. Filmen handlar om den unge husmora Yasuko, som blir terrorisert av søppelpost, telefon-spam og innpåslitne dørseljarar mens mannen er på jobb. Oppgitt fortel ho mannen at forsikringsseljarane til og med veit namnet på sonen deira. Han poengterer at ho kan jo berre legge på røyret.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Tapt seg

Forfattar Tomas Espedal meiner at Bergen har tapt seg, og at det no er vanskeleg å bu der. Om det siste stemmer, veit eg ikkje. Men at byen har mista noko, trur eg. Eg er i det heile sympatisk innstilt til tanken om at ting tapar seg. Det meste i verda gjer det. Det meste som skil seg ut, vil før eller sidan miste fortryllinga si og gli inn i den same forflatinga som alt anna. Eg er halvt bergensar og halvt sunnfjording.

Ungarn

Viktor Orbán er avløyst av Péter Magyar, og mange i Europa er letta over det. Rett nok har dei to konservative politikarane mykje til felles, men Magyar ser ut til å ha eit meir demokratisk sinnelag. Det hadde jo Orbán også ein gong. Lenge budde ungararane ein heilt annan stad enn i Ungarn. I år 895 kryssa magyarane dei høge fjella Karpatane, og dei greidde raskt å ta slettelandet vi i dag kallar Ungarn. I år 1000 skipa dei kongedømet Ungarn, som faktisk varte i ulike former nesten heilt til kommunistane tok over 948 år seinare. Den påtroppande statsministeren heiter altså det same som stammane som etablerte Ungarn.

Luftig

I dag er det 100 år siden luftskipet «Norge» mellomlandet på Ekebergsletta, på vei fra Italia til Nordpolen, via Oslo, St. Petersburg, Vadsø og Ny-Ålesund. Mange tusen var samlet rundt luftskipsmasta og ønsket polfarerne lykke til. Roald Amundsen var ekspedisjonsleder, Umberto Nobile var konstruktør og fører. og amerikaneren Lincoln Ellsworth var sponsor. Disse tre, sammen med et mannskap på 13, tok av fra Ny-Ålesund 11.