Sjølvet er eit land med sprokne grenser i Mikkel Bugges nye noveller.

Eg er ein annan

Tankeflog: Mikkel Bugge er ein glup spekulant og ein gåverik novellesnikrar. Foto: Fartein Rudjord

Eit ganske vanleg spor, eller kanskje heller ei felle, å hamne i når ein skal melde noveller, er å setje novellene i ei samling opp imot kvarandre og rangere dei: Denne er veldig god, den der er halvgod, og den siste er slett ikkje god – originalt, men ujamt frå Ivar Skrivarsen. Å skilje skitt og kanel er sjølvsagt ein del av jobben til ein litteraturkritikar, men kan òg vere ein lettvint utveg når ein ikkje ser den heilt store samanhengen i samlinga, men opplever at den meir eller mindre er røysa saman på slump.

Bokmagasinet