Dansk Vestindia – namnekonstruksjonen er i seg sjølv ei komprimert framstilling av europeisk kolonialisme og vekkjer all kunnskapen vi har i dag, først om folkemordet, så om trekanthandelen og dei lange, historiske konsekvensane av utbytting, brutalitet og rasisme. Her til lands har også den danske/ dansk-norske (til 1814) kolonihistoria vorte granska med fornya, kritisk interesse dei seinare åra.
Dansk «sivilisering» får som fortent i vinnaren av Nordisk råds filmpris.