Dagboka

Potet

Folk et mykje mindre poteter enn før, og det meste tyder på at utviklinga berre kjem til å halde fram. I 1950 åt ein vanleg norsk person kring 90 kilo med poteter i året, i 1996 var talet 29 kilo og i dag er det litt mindre enn 18 kilo per person. Sidan det særleg er yngre folk som heller vil ha ris og pasta, så kjem dette talet berre til å halde fram med å synke.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Bergen

Vi e’kje frå Norge, Vi e’frå Bergen. Bergens Tidende kunne torsdag kveld melda at to bergensarar var på veg inn i regjeringa. Regjeringsrokaden blei det første oppdraget for den nye kongen. Det er mange omsyn å ta i ein regjeringskabal: Kjønn, bakgrunn, utdanning – og sjølvsagt geografi. Det har lenge vore ei misnøye med det svake vestlandsavtrykket i Støre-regjeringa. I fjor kunne Bergensavisen etter ei oppteljing, fortelja at av dei 69 statsrådane og statssekretærane i Støres mannskap, var halvparten frå Austlandet. Frå Bergen har til no kulturminister Lubna Jaffery sete aleine som statsråd.

KI

I podkasten «Ubehaget i kulturen» denne veka diskuterer Morgenbladet-journalistane Hanne Østli Jakobsen og Bernhard Ellefsen utviklinga innan kunstig intelligens. Dei er samde om at det er vanskeleg å forstå kva som er motivasjonen til dei store KI-selskapa, utanom å ville sjå kor kraftig kunstig intelligens kan bli, nærast for moro skuld. Eg trur tvert om at fleire av leiarane i KI-industrien meiner alvor når dei seier at dei vil gjere verda til ein betre stad. Dei er overtydde om at KI vil kurere sjukdommar, gjere energi billigare og skape samfunn der alle har meir ressursar. Det kan godt hende dei tek feil. Det er mange gode grunnar til å vere både skeptisk og negativ til utviklinga av KI. Det er ei av dei største industrielle satsingane gjennom tidene, det skjer veldig raskt, og det er eit ope spørsmål kva det eigentleg vil føre til.

Først

På vei sørover langs kysten i sitt lille enmotors privatfly visste ikke den britiske pensjonerte bonden at han skulle bli den første til å lande på nye Bodø lufthavn. Det skjedde denne uka, og landingen kom nesten tre år før flyplassen er ferdig. Siden ingen visste om det, ble det ingen festivitas rundt denne historiske førstelandingen. Til avisa Bodø Nu forteller flyger Richard Pearson at alt gikk etter planen, han hadde tett kontakt med kontrolltårnet. Men da han meldte fra at landingen var et faktum, kom det tørt fra flygelederen: «Vi ser deg ikke». Pearson hadde ikke fått med seg den største snakkisen i Bodø de siste ti årene. Dagens flyplass ligger for nært byen, og arbeidet med en helt ny lufthavn, startet i 2024.