Christine Meyer går over Bryggen i Bergen utkledd som ei bybane. Den komande byrådsleiaren bruker halloween til å skremme flest mogleg. VG heng på slep. Dei nye byrådane i Oslo kler seg ut som austkantfolk. Skumlare vert det ikkje! No er det endeleg halloween. På Stortinget sit det ein del politikarar som har gått frå postane sine i regjeringa. Dei skal sjølvsagt kle seg ut som årsaka til at dei måtte gå av. Ola Borten Moe kler seg ut som ei tikkande bombe, Bjørnar Moxnes kler seg ikkje ut, men går med solbriller. Audun Lysbakken går som jenter med svart belte i karate.
Vart du skræmt no? Politikarane gjer seg klare for halloween.