Svele

Verda går ikkje alltid framover i ei rett linje. Mange gonger er det litt meir att og fram. Til dømes er det eit framsteg at norske ferjer snart er heilt elektrifiserte, slik at dei ikkje lenger slepp ut CO2. Ein bieffekt av denne omlegginga var likevel at ferjene ikkje lenger hadde straum nok til overs slik at dei kunne servere rykande ferske sveler. I staden blir det no stadig meir vanleg å servere sveler steikte på land og pakka inn i plast.

Dagboka