Tysdag la dei fire borgarlege partia i Oslo fram ein samarbeidsavtale som dei skal bruke til å styre hovudstaden dei neste fire åra.
Høgre og Venstre er avhengige av andre parti for å få fleirtal, og no er det klart at det er KrF og Frp som skal vere deira faste samarbeidsparti.
Avisa Oslo har denne veka skrive at styret i Oslo Frp meiner at partiet har fått for lite gjennomslag, og også stortingsrepresentant Christian Tybring-Gjedde (Frp) har engasjert seg.
Oslo Venstres førstekandidat, Hallstein Bjercke, er derimot godt fornøgd når Klassekampen treffer han på hovudbiblioteket i Bjørvika.
– Dette tek Oslo i meir liberal og grønare retning. Vi skal byggje ein stor park på Økern, og vi skal gjere det billegare å reise kollektivt, seier han.
– Det at Frp er så sure, tyder det på at Venstre har fått bestemme for mykje?
– Eg trur ikkje eg vil kommentere andre parti og kva folk meiner der. I Venstre er vi i alle fall veldig glade i dag, seier Bjerke.
Fekk ikkje med MDG
I valkampen gjorde Venstre det veldig tydeleg at dei heller ville samarbeide med Miljøpartiet Dei Grøne enn med Frp. Oslo Venstre gjorde eit vedtak om at dei gjekk til val på eit byråd med Høgre og MDG.
«I Venstre er vi veldig glade.»
— Hallstein Bjercke, førstekandidat for Venstre i Oslo.
No er det klart at det ikkje vart noko av, sjølv om MDG opna for det.
– Det vi sa i valkampen, var at vi ønska eit borgarleg byråd, og at vi ville at det skulle vere så breitt som mogleg. No har vi fått til eit ganske breitt fleirtal i Oslo bystyre, men ikkje med MDG, seier Bjercke.
– Det var jo ikkje det dykk sa. Du sa jo heile tida at de ønska dykk eit byråd med MDG og Høgre. Du brukte vel òg ordet «draumebyråd» om denne konstellasjonen. De kan vel ha lurt nokre grøne veljarar over til borgarleg side med det?
– Eg trur ikkje det er mogleg å lure veljarane. Det beste er alltid å vere open om det du ønskjer å få til, og korleis du skal gjere det, seier Bjercke.
Var aldri realistisk
Den ferske byrådsleiaren Eirik Lae Solberg (H) seier på si side at draumane til Venstre om eit blågrønt byråd med MDG og Høgre aldri var realistisk.
– Nei, det var aldri det. Den politiske avstanden er for stor, og MDG er for tydeleg plassert på venstresida i Oslo. Vi ville ha eit borgarleg byråd, som mellom anna skal kutte i eigedomsskatten og satse på fritt skuleval, seier Solberg.