Det er berre to Arbeidarpartileiarar som har debutert som statsminister etter å ha vunne eit val. Jonas Gahr Støre gjorde det i 2021, og Christoffer Hornsrud gjorde det etter stortingsvalet i 1928. Gerhardsen, Torp, Bratteli, Nordli, Brundtland, Jagland og Stoltenberg vart alle først statsminister etter ulike kriser midt i ein stortingsperiode. Det er verdt å tenkje over. For i dag legg vi gjerne til grunn at det neste høvet til å byte statsminister kjem i 2025, og så på nytt i 2029. Historia syner at det ikkje er slik. Tonje Brenna kan bli statsminister i 2026, og Ine Eriksen Søreide kan bli det i 2027.