Vi noterer

… at det er 100 år sidan islendingar organiserte seg her til lands. No smeller Islandsforeningen til med festivalen Isdager23 for å markere jubileet, og vår spaltist Halldór Guðmundsson deltek på litteraturdelen saman med forfattar Jón Kalman Stefánsson, omsetjar Tone Myklebost og ymse andre (som Islands president). Det skjer på Litteraturhuset i Oslo laurdag 21.10 klokka 16. Vi er programforplikta til å be folk i hovudstaden kome på lansering av venstresidas kanon på Nasjonalbiblioteket same tid, men for dei som har evne til å duplisere seg, er det lov å møte begge stadar.

Bokmagasinet