Mathilde Walter Clark har skrive ein forunderleg, fryktinngytande bestseljar om mink.

Om mink og menneske

DØDSINDUSTRI: Mellom 15 og 17 millionar mink blei avliva i Danmark i 2020. Her frå ein minkfarm ved Næstved. FOTO: MADS CLAUS RASMUSSEN, RITZAU/NTB

Nyleg kom det ut ei ganske eigenarta og forunderleg bok. Den skjønnlitterære forfattaren Mathilde Walter Clark, som særleg har gjort seg merka med store og barokke romanar om eksistensielle grunnkonflikter, gav ut ei noko mindre forteljing, «Det blinde øje» – med den finurlege tilføyinga «Beretningen om det efterår, hvor minkene forsvandt ud af minksagen». Ein burde kanskje ha sett det kome, for dei to førre bøkene til Mathilde Walter Clark har brote nye vegar i forfattarskapen og vunne nytt litterært terreng. Det gjeld i første omgang erindringsromanen «Lone Star», som insisterte på å kalle seg sjølv roman, sjølv om der ikkje var den minste fiksjon i spel. Etter det kom essaysamlinga «Huset uden ende», der forfattaren undersøkjer ideen om eit menneskeleg fellesskap og dei skiftande perspektiva ein kan legge an. Boka er skrive ut frå ein premiss, som i boka også blir formulert som ein liten poetikk: «Der findes ingen entydige svar. Kun perspektiver og blinde vinkler.»

Bokmagasinet