Jon Fosse takka nynorsken for Nobelprisen i litteratur.

Useieleg stort

Nobelstiftinga gjer det ikkje lett for eit skarve vekemagasin, når dei legg kunngjeringa av Nobelprisen i litteratur så tett dødlinja vår – og attpåtil gir prisen til ein nordmann. Men torsdag fekk altså Jon Fosse prisen, «för hans nyskapande dramatik och prosa som ger röst åt det osägbara». Det har lege i korta, men eg har ikkje møtt så mange som heilt har kunna tru det – det er 95 år sidan prisen sist gjekk til ein norsk forfattar, Sigrid Undset. Fosse sjølv, som passande nok køyrde langs svingete vestlandsvegar då han fekk telefonen, vedgjekk at han var overraska, men samtidig ikkje. Han har «forsiktig førebudd» seg på at dette kunne skje, sa han til NRK.