Pressesjefen til Erna Solberg Cato Husabø Fossen var trulovar i bryllaupet til TV 2-journalist Lars Joakim Skarvøy. Likevel intervjua Skarvøy Solberg i 20 minutt under intervjumaratonet hennar, Dagbladet har talt at han har byline på 14 saker om Sindre Finnes og koplinga er nemnd i éi av dei. Professor i journalistikk Svein Burås seier til avisa at Skarvøy ikkje bør jobbe med nokon saker som handlar om Solberg.