Saka om Solberg, Finnes og brot på gildskapsreglane bør sjåast i eit feministisk perspektiv. Paret har interesse som offentlege personar utelukkande på grunn av dei stillingane og dei verva som Solberg har hatt, og fordi Finnes har handla på ein måte som har gjort Solberg ugild. Dessutan er det framleis mykje me ikkje veit om denne saka som me har krav på å vete. Dette gjeld mellom anna tidspunktet for og omfanget av aksjehandlane, dei konkrete ugildskapsvurderingane og det gjeld spørsmålet om korfor denne skandalen vart kjend straks etter og ikkje straks før kommune- og fylkestingsvalet.
Her i avisa har me vore konsekvente med å halde fokus på det politiske innhaldet i aksjesaka. Klassekampen har om lag 111.000 lesarar og er Noregs andre største avis på papir, og det er rimeleg å tru at dei er over gjennomsnittet politisk medvitne. Andre norske medium har halde støtt fokus på kva saka har hatt å seie for kjenslelivet og ekteskapet til Solberg. Det mest eklatante dømet på dette var skandaleintervjuet som Fredrik Solvang gjennomførte med eksstatsministeren torsdag for ei veke sidan, der det politiske vart redusert til ein hale etter eit langt babbel henta frå ei tredjerangs terapihandbok. Dette intervjuet kjem nok til å skrive seg inn i norsk politisk historie som nullpunktet i den personifiseringa som norsk samtidspolitikk har degenerert til.
No er Solberg ein driven, god og røynd politikar med ein tilsynelatande umetteleg appetitt på makt. Det skal ho ikkje lastast for, det er jobben hennar. Som Sebastian Johnsrud viste i ei masteroppgåve ved Universitetet i Agder i vår, har «Erna» bygt ein politisk karriere på evna til å meistre personifiseringskunsten i den nye medierøynda. Johnsrud følgde Solbergs retorikk frå landsmøtetale til landsmøtetale under tida hennar som partileiar, og syner korleis ho retorisk genererte eit «me» som femnde både om partiet Høgre, om regjeringar med ope sprikjande syn på ei rekkje spørsmål og ikkje minst om folket.
Solbergs retoriske oppgåve har aldri vore enkel. Alle høgreparti har det same grunnproblemet, nemleg å få kalkunane til å røyste for jol. Dei må få eit fleirtal av dei som gidd å røyste til å røyste for ein politikk som sterkast favoriserer eit mindretal. Slik sett er ei valdeltaking på 62,2 prosent som me såg i september strålande, ein stor suksess. Personfikseringa som me no ser, gjev særleg høgresida sine politikarar store mogelegheiter. Føresetnaden er at dei mobiliserer dei gruppene som kan identifisere seg med dei, og demobiliserer dei hine gruppene slik at dei sit heime.
Solbergs ihuga freistnader på å få saka til å handle om ekteskapet og til å leggje tyngst mogeleg lokk på økonomi og konkret ugildskap, handlar om identifikasjon, og er imponerande kliniske og profesjonelle. Kvar krise er ei ny mogelegheit. Solbergs tidlege karriere gjekk gjennom trauste organisasjonar i Høgre og ho var innom den mest brutale politiske skulen i landet, Bergen bystyre. Ho tok progressive posisjonar i høve til partnarskapslov og abort da dette framleis kunne vere kontroversielt i Høgre og framstod som ei relativt ung, moderne kvinne da ho kom seg opp på makttindane i partiet. Ho var farleg lett å undervurdere. Som kommunalminister vart ho fastare i forma som Jern-Erna, den sterke kvinna med det Thatcher-inspirerte tilnamnet som hamla opp med innvandrarar og navande trygdemottakarar, og lett tilpassa seg Frp. Det var truleg Jern-Erna som gjorde at ho aldri klarte spranget over i landsmoderrolla som til dømes Angela Merkel meistra. Så langt har Solberg vore for kløyvande.
Kva no? No er Solberg velta inn i rolla som den svikne kona som har spurt for lite. Finnes er offentleg kastrert som ein tapar som lyg for kjerringa, som personifiseringa av ein gamer som sit på guterommet og kjøper og sel aksjar mens ektefellen held på med viktige ting, og som jamvel er avkledd som talentlaus investor som hadde tent meir dersom han hadde spart i fond. Han er borte frå allmenta. Solberg derimot er ute i media, og har klart samstundes både å vere hard i klypa og å framstå som offer. Viss det eigentlege politiske innhaldet ikkje påfører ho eit banesår, har ho opna for ei framtid både som sviken kvinne som reiser seg, og som sterk kvinne som klarer seg utan mannen.
SV og Frp er parti med symmetrisk ulik kjønnsprofil, dei som røystar på Venstre, MDG og Sp har nokså lik kjønnsfordeling. Ap har litt overvekt av kvinner, Høgre av menn. Solbergs strategi opnar for ei personifisering som målretta trekkjer til seg kvinner, og kan såleis vere politisk vellykka på sikt.