Per-Willy Amundsen (Frp) leiar i dag justiskomiteen på Stortinget og var tidlegare justisminister i regjeringa til Erna Solberg (H).
Han følgjer med på aksjeskandalen som har råka hans tidlegare sjef og tykkjer saka passar inn det han meiner har blitt eit mønster i norsk politikk dei siste åra: Politikarar hamnar i skandalar, men det får ikkje konsekvensar.
– Eg har stor respekt for Erna, men det blir for enkelt om dette ikkje får noko konsekvensar for henne i det heile teke, seier Amundsen og legg til:
– Det blir for enkelt å grine litt på ein pressekonferanse, og så skal det ikkje få noko konsekvensar. Eg trur folk flest etterlyser at slike saker får konsekvensar.
– Kva slags konsekvensar bør det få?
– Det skal ikkje eg meine noko om, men det må vere tydeleg for folk at du ikkje slepp unna noko som dette. Dersom du svindlar Nav, så hamnar du i fengsel.
Selde aksjane sine
Dei siste to åra har mange skandalar råka norsk politikk.
Kjell Ingolf Ropstad har gått av som KrF-leiar etter rot med pendlarbustaden og Hadia Tajik (Ap) gjekk av som arbeidsminister.
Anette Trettebergstuen (Ap) gjekk av som kulturminister etter å ha utnemnt nære vener til styreverv, og Ola Borten Moe (Sp) gjekk av etter at han handla aksjar i våpenprodusenten Kongsberg.
No er også tidlegare statsminister Erna Solberg i hardt vêr grunna ektemannens aksjehandel. Talet saker gjer at Amundsen no har fått nok.
Han har vore i rikspolitikken sidan 2005 og meiner at det er ganske lett å unngå å hamne i slike situasjonar som den Solberg no har hamna i.
– Eg dreiv også med aksjar før, men då eg kom inn på Stortinget i 2005, så selde eg alle aksjane. Det var ingen som sa at eg skulle gjere det, men det var heilt sjølvsagt for meg at eg måtte gjere det. Eg skjønar no at eg kunne ha tent store pengar, men det var aldri eit alternativ for meg.
Uroa for tilliten
I valkampen stod Amundsen på stand for Framstegspartiet fleire ulike stader rundt om i landet, for å prate med vanlege veljarar.
Han fortel at noko av det første folk ville prate om, var alle skandalane i politikken.
– Folk veit jo kor strenge reglar det er elles i samfunnet og kor nøye folk er med å passe på at dei ikkje ber om for mykje på ei reiserekning eller liknande. Det er heilt uforståeleg for folk at vi har politikarar som tek så lett på dette her, seier han.
Amundsen trur at noko av grunnen til at det ikkje har kome eit sterkare oppgjer med ukulturen i politikken, er at alle partia har politikarar som har hamna i ein eller annan skandale.
– Alle veit at dei også har svin på skogen, og då gjer det dei openbert mindre lystne på å konfrontere dei andre partia. Det er ein stor mangel på refleksjon rundt dette, men også ein stor mangel på konfrontasjon, seier Amundsen.
Og det er tilliten til institusjonar som Stortinget og regjeringa som tapar på det, meiner den tidlegare justisministeren.
– Det er mange som no bør gå i seg sjølv. Tilliten til Stortinget er dalande, og det er viktigare enn karrieren til enkeltpersonar. Det er viktigare enn enkeltskjebnar som kanskje no kan vere triste, og det er viktigare enn den personlege økonomien til dei som er politikarar. Tilliten til institusjonane i demokratiet er viktigare enn enkeltpersonane som hamnar i desse skandalane. Det er det mange som burde tenke litt over, seier han.
Var betre før
Og skal vi tru Per-Willy Amundsen, så hadde politikarane før i tida meir integritet enn det mange utviser i dag.
– Eg skal vere forsiktig, så eg ikkje blir ein sjuande far i huset som, heng på veggen. Eg vil likevel seie at det har sklidd ut dei siste åra, og det er fleire som ser mellom fingrane på å utnytte systemet, enn det som var vanleg før, seier Amundsen og legg til:
– Du gjer eit val når du kjem inn på Stortinget. Du har eit oppdrag, og du har ei rolle som er mykje større enn deg sjølv, og den må du ivareta med integritet. Eg beklager, men det er ikkje mogleg å kombinere med at du eller ektefellen din handlar med aksjar. Det er ikkje det, seier han.
– Er det strengare reglar som er løysinga?
– Vi må gjerne lage strengare reglar, og det kan sikkert vere fornuftig. Det er likevel verdt å tenkje over at politikarar klarte å halde seg innanfor visse grenser med dei same reglane før. Til sjuande og sist handlar dette om at den enkelte politikar må kjenne på eit ansvar og kjenne på ei rolle, seier han.