Korrupsjon var lenge noko eg trudde høyrde til i andre land og kulturar. Under studiedagane mine i økonomi på 1970-talet hugsar eg at eg blei fortalt om India, at korrupsjonen der var så omfattande at dei hadde tre nivå med korrupsjonspoliti: Eit korrupsjonspoliti, og eit korrupsjons-korrupsjonspoliti for å kontrollera korrupsjonspolitiet, og så eit korrupsjons-korrupsjons-korrupsjonspoliti på toppen. For å kontrollera kvarandre og korrupsjonen i landet, som var rekna til å utgjera ein tredel av bruttonasjonalproduktet i India. I heile mitt vaksne liv har det strøymt på oss, her i det uskuldsreine Norden, korrupsjonshistorier utan grenser og utan ende frå den store verda.