10. juli
Braut Noreg var eit av dei siste landa i Europa som innførte krav om å ha etternamn, og på andre halvdel av attenhundretalet var det vanleg å skifte namn. Til dømes om du flytta. I romanen «Bondestudentar» av Arne Garborg skiftar hovudkarakteren namn fleire gonger, fordi han er flau over namnet sitt. Fyrst heiter han Daniel Sørbrød, men på katedralskulen i Stavanger kallar bygutane han for surbrød, så han skiftar til Daniel Olsen. Så hamnar han i eit akademisk miljø av radikale og målmedvitne folk i Oslo, og dei lurer på om han ikkje har eit gardsnamn han kan bruke i staden for Olsen. «Braut heiter garden, og Braut bør De heite», slår den karismatiske Jens Rud fast, og slik vart det.
Braut er ein gard på Jæren som har fått namn av bakekanten som den sterke havvinden frå vest lagar i landskapet, og det er her både Daniel og Erling Braut Haaland har namnet sitt frå.
Aleksander Åsnes