Film

Aksjegaloppen

Når marknaden er heile universet, kan småspekulantar bli folkeheltar.

Mjau! Keith Gill alias Roaring Kitty (Paul Dano) gjev investeringsråd på Youtube og samlar småinvestorar om Gamestop-aksjen. Foto: SF NorgeMjau! Keith Gill alias Roaring Kitty (Paul Dano) gjev investeringsråd på Youtube og samlar småinvestorar om Gamestop-aksjen. Foto: SF Norge

Dumb Money

(USA, 2023) Regi: Craig Gillespie Manus: Lauren Schuker Blum og Rebecca Angelo, etter Ben Mezrichs bok «The Antisocial Network» Komedie/ 1t. 44 min./ Kino

Den strenge pandemihausten 2020 brygga det opp til eit finansopprør mot Wall Street blant amerikanske småspekulantar. Opprøret var det første i sitt slag som sprang ut av sosiale medium, det gav amerikanske finansstyresmakter ein støkk og fekk konsekvensar for nokre av hedgefonda som dominerer børshandelen, men det er ei sterk overdriving at det var ein revolusjon, slik den tidvis både informative og underhaldande komedien «Dumb Money» langt på veg hevdar. Wall Street-makta vart ikkje skipla eller innskrenka. Og jamvel om filmen viser korleis milliardærar med politisk påverknadskraft i Washington slepp unna med trugsmål og ulovleg marknadsmanipulasjon, er det tvilsamt om «Dumb Money» kan motivera publikum til å krevja regulering, men «alle» liker å sjå kyniske kaksar få ein på nasen.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Film

Film

Not A Pretty Picture

Martha Coolidge rekonstruerte valdtekta ho vart utsett for som 16-åring, og avslørte samstundes high school-komedien.

Film

Jean de ­Florette

40 år etter at Claude Berris «Jean de Florette» gjorde Provence-film til ein eigen dramasjanger, står filmverket fram som ei åtvaring mot framandfrykt og dødbringande hete og tørke.

Serie

Life, Larry and the Pursuit of Unhap­piness

Larry Davids gjennomgang av USAs historie er vellaga, men mindre vågal enn ein kunne vona.